Den femte barnesykdommen

Den femte barnesjukdommen er ein infeksjonssjukdom som skuldast eit virus (parvovirus B19). Sjukdommen oppstår oftast hos barn i førskulealder, men personar i alle aldrar kan få sjukdommen

Sjukdommen blir spreidd ved dropesmitte, f.eks. ved hoste eller dersom ein deler kopp/glas eller liknande. Tida frå ein blir smitta til sjukdommen bryt ut (inkubasjonstid) er 5–20 dagar. Sjukdommen er smittsam i veka før utslettet kjem.Symptoma er som regel milde og kjem i to fasar. Første fase startar ca. 1 veke etter smitte og varer i 2–3 dagar.

Symptom

Symptoma er hovudverk, lett feber, sår hals, kløe, hoste, magesmerter og/eller leddsmerter. Deretter kjem gjerne ein sjukdomsfri periode på 7–10 dagar, før fasen med det typiske utslettet startar:

  • Raudt utslett i kinna og bleik hud rundt munnen. Enkelte har lett feber i tillegg.
  • Småprikkete utslett på skuldrer, øvst på armane, kroppen og nokre gonger på låra.
  • Utslettet varer i 1–4 dagar.
  • Utsletta kan kome og gå i veker, nokre gonger månader. Det kan f.eks. kome ved fysisk aktivitet, irritasjon av huda eller ved varme bad eller sollys.

Visste du at?

  • Sjukdommen skuldast eit virus, og antibiotika hjelper derfor ikkje.
  • Det er vanskeleg å unngå smitte, sidan smitte som regel skjer før utslettet bryt ut.
  • Utslettet startar som raudfarge i kinna, noko som har gitt sjukdommen namnet ”øyrefiksjukdom”.
  • Ein person med utslett har ofte ikkje lenger viruset i kroppen og er ikkje smittefarleg. Barn kan gå i barnehagen eller på skulen når dei er feberfrie, sjølv om dei har utslett.
  • Dersom du er gravid og mistenker at du er smitta, bør du kontakte lege.
  • Cirka halvparten av alle vaksne har hatt den femte barnesjukdommen. Enkelte har vore smitta av viruset utan å ha hatt symptom på sjukdommen.

Kva kan du gjere sjølv?

Sjukdommen gir som regel milde plager og går over av seg sjølv. Under sjukdommen har ein lett nedsett motstandskraft. Unngå å fryse eller på annan måte auke risikoen for annan sjukdom. Gi lindrande behandling i form av nasedropar/spray og eventuelt febernedsettande medisin. Kløstillande behandling kan vere nødvendig. Det er viktig å drikke mykje.

Kontakt lege dersom barnet er under 3 månader og har feber.

Apoteket anbefaler

Kløstillande

  • A-derma Cytelium spray
  • Kvitvask
  • Eurax
  • Xylocain

Nasedropar med saltvatn/Nasespray

  • Drop-it
  • Otribaby
  • Otrivin

Febermålar

  • Accu-temp febermålar
  • Hygieneovertrekk til febermålar


Febernedsettande legemiddel til barn:

Ein bør ikkje gi medisin med paracetamol og ibuprofen oftare enn 3–4 gonger i døgnet (avhengig av alder), og doseringa skal ikkje overskridast.


Les meir:    

Gode råd når barnet ditt har feber, Apotekforeningen.

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.