Feber hos barn

Feber er eit viktig ledd i kroppen sitt forsvar mot infeksjonar, og er eit svært vanleg sjukdomsteikn. Feber i seg sjølv er ikkje farleg, men høg feber kan vere ei belasting for kroppen.

Feber er kroppstemperatur på 38 celsius eller meir målt i endetarmen. Barn får lettare feber enn vaksne, og dei får oftare høgare feber.

Visste du at?

  • Det er ikkje alltid lett å avgjere om barnet har feber ved å kjenne på huda. Det sikraste er å måle temperaturen i endetarmen. Ta gjerne eit hygieneovertrekk til eingongsbruk over termometeret (kan kjøpast på apoteket).
    Måling i munnen eller under armen er mindre nøyaktig.

  • Det finst panne- eller øyretermometer. Fordelen med desse er attemperaturen kan målast utan å vekke barnet. Ved bruk av panne- eller øyretermometer må bruksrettleiinga følgast svært nøye.

  • Det er ingen nær samanheng mellom kor høg feberen er og kor alvorleg sjukdommen er. Barn kan også få feber utan å vere særleg sjuke.

  • Feberkrampar utløyst av høg kroppstemperatur skjer hos 3–4 % av barn mellom ½ og 5 år. Barnet kan svime av, få rykkingar og problem med pusten. Kontakt lege dersom barnet ditt får feberkrampar.

  • Det er lurt å måle normaltemperaturen til barnet når det er friskt.

  • Ved bruk av febernedsettande stikkpiller kan det vere mindre ubehageleg å sette den butte enden inn først.

Kva kan du gjere sjølv?

Gi barnet rikeleg med drikke. Når kroppstemperaturen er høg, vil meir væske bli fordampa frå kroppen. La barnet vere lett påkledd. Dette gjer det mogleg for barnet å bli kvitt overflødig varme. Du kan eventuelt fukte huda til barnet ved hjelp av ein klut med lunka vatn. Ved fordamping blir feberen redusert ei kort stund.

Kontakt lege dersom:

  • barnet er under 3 månader og har feber
  • barnet har feber og nedsett allmenntilstand
  • feberen ikkje minkar tydeleg etter å ha vart i 3–4 dagar
  • du er engsteleg for at barnet har ein alvorleg sjukdom
  • barnet har feberkrampar

Apoteket anbefaler

Febermålar:

  • Accu-temp febermålar
  • Hygieneovertrekk til febermålar
     

Febernedsettande legemiddel til barn:

Paracetamol

  • Paracet
  • Pinex

Paracetamol er førsteval som febernedsettande til barn.

Legemiddelform:

  • Stikkpiller. Brukast frå 3 kg (0 månader)
  • Mikstur. Brukast frå 3 kg (0 månader)
  • Smeltetablett. Brukast frå 7 kg (6 månader)
  • Brusetablett. Brukast frå 15 kg (3 år)
  • Tablett. Brukast frå 15 kg (3 år)

Vel den forma og styrken som passar barnet ditt. Doseringa på pakningen er tilpassa vekt og alder.

Ibuprofen

  • Ibux
  • Ibumetin


Legemiddelform:

  • Mikstur. Brukast frå 10 kg (1 år)
  • Tablett (200 mg). Brukast frå 20 kg (6 år)


Vel den forma og styrken som passar barnet ditt. Doseringa på pakningen er tilpassa vekt og alder.


Ein bør ikkje gi medisin med paracetamol og ibuprofen oftare enn 3–4 gonger i døgnet (avhengig av alder), og doseringa skal ikkje overskridast.


Les meir: Gode råd når barnet ditt har feber, Apotekforeningen.


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.