Hoste hos barn

Hoste er ein beskyttelsesrefleks for luftvegane og kan arte seg som slimhoste eller tørrhoste.

​Hoste hos eit elles friskt barn kan skuldast at barnet har:

  • ein virusinfeksjon (forkjøling) der det dannar seg slim i øvre og nedre luftvegar
  • pusta inn forureina luft (røyk, måling osv.)
  • sett noko i vrangstrupen eller fått ein framandlekam i luftvegane

Falsk krupp er ein betennelse like under strupehovudet. Dette gir ein karakteristisk hes lyd når barnet pustar inn, og gir ein tørr "bjeffande" hoste.

Virusutløyst luftvegsinfeksjon kan hos nokre barn i tillegg til hoste gi pipande lyd i brystet (visling) når dei pustar ut. Tilsvarande kan utløysast av allergi. Dersom dette gjentar seg, kan det vere astma. Astma kan vise seg som langvarig hoste, særleg om kvelden og natta, hoste under og etter anstrengande aktivitetar eller anfall av tung pust med hoste.

Kikhoste er sjeldan hos små barn på grunn av effektiv vaksine. Ved kikhoste kjem "hostekuler", nokre gonger med "kiking" (pipelyd) ved innpust. Hosten varer i mange veker og kan gi alvorlege plager.

Visste du at?

  • Hoste er svært vanleg hos barn, men ikkje vanleg hos spedbarn under 6 månader. Spedbarn som får luftvegsinfeksjon, har gjerne mykje slim. Dei svelger slimet frå luftvegane og kan kaste opp.
  • Barn har ulik følsemd i luftvegane. Den same infeksjonen kan gi ulik grad av hoste.

Kva kan du gjere sjølv?

Ved hoste og andre luftvegssymptom kan det vere lurt å la barnet ligge med hevaoverkropp om natta. Ein kan f.eks. bruke klossar under sengebeina til å bygge opp hovudenden med 10–20 cm.

La barnet sove i eit kjølig soverom (ca. 13–17 gradar)

Barn med hoste og pustevanskar er ofte engstelege. Hald deg roleg og trøyst barnet.


Apoteket anbefaler:

Slim i luftvegane blir effektivt fjerna når ein hostar. Hoste skal derfor ikkje alltid behandlast med hostedempande legemiddel. Slimløysande hostesaft kan gjere at slimet blir lettare å hoste opp.

Slimløysande ved slimhoste

Hostemikstur

  • Bisolvon (kan brukast av barn over 2 år)
  • Solvipect (kan brukast av barn over 1 år)

Tablettar

  • Bisolvon (kan brukast av barn over 6 år).

Hostedempande ved tørrhoste

Hostemikstur

  • Noskapin (kan brukast av barn over 2 år)

Tablettar

  • Noskapin (kan brukast av barn over 6 år)


Kontakt lege dersom barnet hostar og er under 3 månader, eller dersom barnet har store og/eller langvarige plager.

 For meir informasjon, sjå Gode råd når barnet ditt hostar (Apotekforeningen).
 
Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.