Leddsmerter

Smerte i ledd kan kome som følgje av skade eller sjukdom. Smerta kan vere etterfølgd av hevelse, raudfarge og/eller redusert rørsleevne.

​Det er mange sjukdomar som kan gi leddsmerter, f.eks. urinsyregikt, leddgikt, fibromyalgi og slitasjegikt. Andre årsaker til leddsmerter kan vere idrettsskadar. Då er ofte leddbandet involvert, som for eksempel ved forstuing.

Visste du at?

  • Alle ledd består av bein, brusk og ein omsluttande leddkapsel. Inne i leddet finst det leddvæske. Rundt ledda er det leddband, sener og musklar.

  • Alle desse strukturane kan gi smerte ved skade/sjukdom.

  • Slitasjegikt (artrose) er den hyppigaste (revmatiske) leddsjukdomen hos vaksne over 60 år. Meir enn 50 % av personar over 70 år har artrose i eitt eller fleire ledd.

  • Det er ikkje uvanleg å få leddsmerter ved forkjøling, influensa eller andre infeksjonar med feber.

  • Personar som mosjonerer regelmessig, har ofte mindre leddproblem.

  • Hos overvektige personar kan eit vekttap på nokre få kilo ha ein positiv effekt, spesielt ved smerter i hofter, kne og anklar.

Kva kan du gjere sjølv?

  • Prøv å finne årsaka til smertene. Ved langvarige smerter bør ein oppsøke lege. Fysioterapeut kan gi rettleiing om trening.

  • Reseptfrie smertestillande og betennelsesdempande legemiddel kan brukast ved behov. Gel kan brukast til lokal behandling f.eks. ved forstuing.

  • Ved akutte leddskadar (for eksempel leddbandsskade eller forstuing) som ikkje treng legetilsyn, er følgjande anbefalt:
    Avlasting av leddet, ro og kvile, bruk ev. krykker.

  • Nedkjøling av leddet i 20 minutt kvar 3. til 4. time dei første 48 timane.

  • Forbind leddet litt stramt med for eksempel elastisk bind.

  • Leddet bør hevast til over hjartenivå.

Apoteket anbefaler

Paracetamol er førstevalet ved behandling av kortvarige lette til moderate smerter.

Ved akutt leddskade

Nedkjøling

  • Scansport ispose

Elastisk bind

Coban elastisk bandasje – sjølvheftande


Reseptfrie legemiddel i forbindelse med leddsmerter:

Smertestillande 

Paracetamol

  • Paracet

  • Pinex

Kan fås som:

  • Tablett/kapsel

  • Mikstur

  • Stikkpille

  • Bruse-tablett

  • Granulat/smeltetablett (ta utan vatn)

Paracetamol/koffein

  • Paracetduo 

Kan fås som:

  • Tablett/kapsel

Smertestillande og betennelsesdempande

Ibuprofen

  • Ibux

Ibumetin

Kan fås som:

  • Tablett/kapsel

  • Mikstur

Diklofenak

  • Voltarol

Kan fås som:

  • Tablett/kapsel

Lindring av symptoma ved lett til moderat slitasjegikt (artrose)

Glukosamin

  • Samin

  • Glucosamin

Kan fås som:

  • Tablett/kapsel

Lokale smertestillande og betennelsesdempande ved forstuing/forstrekking

Ibuprofen

  • Ibux

  • Ibumetin

Kan fås som:

  • Gel

Diklofenak

  • Voltaren Forte


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.