Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Få en god start med hjertemedisinen din

Undersøkingar viser at mange med kroniske sjukdommar bruker legemidla sine feil. Det er også mange som slutter med medisinen sin etter ein stund utan å seie i frå til legen sin. Dette er også tilfelle for hjerte- og kar-legemiddel . Samtidig så veit ein at feil bruk og dårleg etterleving av behandlinga kan få alvorlege konsekvensar for dei pasientane dette gjeld.

​Det kan vere vanskelig å motivere seg for å ta medisinar, spesielt dersom ein skal bruke dei resten av livet. Kunnskap om korleis medisinane verker og kvifor det er viktig å ta dei, gjer det lettare akseptere medisinbruken.

Pasientar som startar på behandling av hjerte- og kar-legemidlar får derfor no tilbod om ein ekstra samtale med farmasøyt når ein skal starte med medisinen. Den nye tenesta heiter «Medisinstart» og kan ein bestille i alle våre sjukehusapotek.

Hensikta med tenesta er at pasientane skal få betre forståing for korleis dei skal bruke den nye medisinen, slik at dei er motivert for behandlinga, blir mindre bekymra og kan få råd om praktisk bruk og handtering av eventuelle biverknader. Farmasøyten gir ikkje råd som endrar behandlinga.

Kort om Medisinstart

Medisinstart er ein rådgjevingsteneste som ein kan få i apoteket. Målet er å bidra til auka trygghet og riktig bruk av:

  • Blodtrykksenkande behandling
  • Blodfortynnande behandling
  • Kolesterolsenkande behandling


Tenesta «Medisinstart» består av to oppfølgingssamtalar med ein farmasøyt, enten i apoteket eller per telefon. Samtalene vert gjennomført 1-2 og 3-5 veker etter at ein har starta med den nye medisinen. Kvar samtale tek ca. 15 minutt og farmasøyten følger opp det som er viktig for pasienten. 
Tenesta er gratis og pasienten kan bestille den sjølve på apoteket. 

Sist oppdatert 25.04.2024